
Ord som flyter fritt
Velkommen til Alf Inge Hetlelid – din portal til en verden fylt med dikt, spennende historier og gode vitser. Her deler jeg min lidenskap for ord, og inviterer deg til å utforske mine verk. Kanskje finner du også en opplesning som berører deg. Bli med på reisen og la deg inspirere!
GRUNNEIGAR?
Eig du grunnen her, du?
Eg kan i grunnen ikkje gå her, eg?
Du arva ein bit av jorda, du?
Det står skrive på eit papir?
Ein slags konge, eller Gud, du?
Gå din veg, sa du!
Kor er då vegen min?
Eg har ingen papir
På ein veg eller sti
Eller vatnet som renn her forbi
Er lufta vår eller di?
TRAPPER
Framtida lyste
Skyfri og sorglaus
Dans på roser
Sommar utan haust
Tog går på skjenar
Livet mindre beint
Kompass og terreng
Du ana det sprikte
Blenda av medgang
Så mange deg likte
Røter utan feste
Stjerner i sikte
Såg ingen grense
Landskap så flatt
Du trong ikkje bremse
Gløymde ditt ratt
Spegelen vørde du aldri på
Gjennom soltaket berre ein himmel så blå
Så mange trapper i livet
Berre to, seier du
Og ingen gjekk opp
Ei utan rekkverk
Ei mangla trinn
Då måtte du velje?
Val kan ver tunge
Verkar av og til lette
Når det blæs av nord
og du ikkje finn ly,
snur du kappa,
blir leia mot trappa
Den utan trinn
Eit steg,
du forsvinn
bort frå deg sjølv
ned i
mørkaste
rom